RSS

Så lenge ingen ser oss

Anders Totland: Så lenge ingen ser oss, 128 sider

Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred.

I går kveld benka eg meg ned ved kjøkenbordet, klar for ei god bok og eit tilhøyrande smakfullt måltid. Eg las så vidt over omslaget, forsto at denne boka handlar om kompisane Ole og Jon.

Eg var førebudd på ei forteljing om skeiv kjærleik og byrja å lese med godt mot. Eg tok feil. Ole er slett ingen kompis. Han er ein sleip og feig mann. Ein overgripar. Den hyggelege lesestunda eg hadde sett føre meg, blei raskt svelgt ned med maten.

Boka byrjar så trist. Jon bur saman med mor si, som vi skjønar slit med anten depresjon eller alkohol. Truleg begge. Han er van til å styre seg sjølv, ofte med litt hjelp frå foreldra til kompisane. Onsdag er beste dagen. Da er helga nær og mora lettare til sinns. Søndagen er verst. Nok ein fyr har forlate huset og mor sit att i mørkret sitt.

Ein søndag vaknar Jon til ei annleis stemning i huset. Ole flyttar inn og huset blir fylt av plystring og pannekakefrukostar. Ole smører matpakke og startar fotballag. Jon tør igjen å invitere kompisar heim og får til og med ein veslebror, Lukas.

Alle synest Ole er fantastisk. Også eg. Naiv som eg er. Ein fin familie. Alt er så bra. Nesten for bra. Så vil Ole ha med Jon på telttur ei helg, og det gode måltidet blei om til ein vond klump i magen min.

Er det mogleg? Snille Ole, som redda Jon og løfta mora opp i lyset. Kva vil skje dersom Jon fortel det til nokon? Vil alt rakne? Jon seier nei neste gong Ole vil på telttur, men ombestemmer seg raskt når Ole seier at Lukas kan vere med i staden. Tanken på at han skal røre Lukas får Jon til å gjere som Ole vil.

Temaet er høgst aktuelt. Jon bar byrda da mora var sjuk, no må han igjen bere tungt av redsel for å øydelegge familieidyllen. Så lenge ingen ser oss er fæl, men nødvendig og dessverre sann for mange. Det skal ikkje vere slik. Boka er sterk, men lettlesen og har eit fint språk. Ho passar for både ungdom og vaksne.


Eg ville be han slutta, seie at me heller kunne grilla. Ole kunne fortelje dårlege vitsar, og så kunne me le saman. Men det var noko rart der som fekk orda til å skjelva før dei forsvann i halsen. Noko med Ole. Det var som ei vond draum som gjentok seg. 


Historia er vanskeleg å fordøye, men det må til somme tider. Vi må sjå kva som foregår rundt oss.


4 kommentarer:

Ellikken sa...

Jøye meg, kraftig kost. Magen vrenger seg bare ved tanken.

Beathe sa...

Ja,dette var en fin og sterk bok. Nominerte den faktisk til BBP. Absolutt en bok å anbefale!

Marianne sa...

Oi oi uff.. denne må jeg visst lese!

annkolaas sa...

Ellikken: Det var veldig sterk kost.

Beathe: Absolutt verdig en nominasjon. Synd jeg ikke leste den før nå.

Marianne: Det må du. Du vet "heldigvis" hva du går til. Jeg fikk ekstra sjokk siden jeg trodde det skulle handle om skeiv kjærlighet.