RSS

En annen dag

David Levithan: En annen dag, 384 sider. Oversett av Tonje Røed

Jada, eg er her framleis.

Eg fauk opp i skyene da eg fann ut at David Levithan har skrive ein oppfølgjar til den fantastiske, fantastiske Hver dag - som du kan lese min omtale av her. Denne boka slo knockout på meg og eg forkynner framleis ordet om ho i dag. Eg fekk skulebibliotekaren til å bestille inn eit klassesett på 24 bøker, kjøpte ho i gåve til ymse unge i sin mest forvirra alder og trua slekt og venner til å lese. Heldiggrisane.

I En annen dag byrjar forteljinga same dagen som i første boka og med akkurat same utviklinga, men det blir likevel noko heilt anna fordi vi følgjer Rihannon. Det er Rihannon som tenkjer, føler og ser - ikkje A. Det kan kanskje høyrest ut som boka er overflødig, eit unødvendig supplement - men eg kan forsikre deg om at ho er alt anna enn det. Vi kjem nærmare inn på personane, først og fremst Rihannon, som slit med Justin, den sjølvopptatte kjærasten og føler seg sett for første gong på lenge den dagen A tar bolig i kroppen hans. Dette veit vi frå første boka, men det som er annleis her er at det er mykje meir - og ærlegare - fokus på kvifor ho er saman med ein som alle rundt ho (også vi!) mislikar. Vi blir betre kjend med Justin og forstår (i alle fall litt) kvifor ho finn seg i måten han behandlar henne på. Det kjem i tillegg klarare fram korleis Rihannon opplever det når A vekslar mellom å vere i kroppen til gutar og jenter, og korleis sjølvbiletet hennar blir styrka av å ha ein venn som A.

Som førre boka, er det fleire universelle tema å kjenne seg att i, både for ungdom og vaksne. Det å vere einsam i fellesskapet er noko fleire kan relatere til. Ingen er perfekte. Heller ikkje Rihannon eller A, som begge faktisk gjer urett mot Justin. Dette gjer det meir truverdig og gir lesinga meir motstand. Det viktigaste gjennomgåande temaet er sjølvsagt det alle veit, men har ein tendens til å gløyme: Inni er vi like, men ikkje utanpå. Tygg på den, du.

En annen dag kan fint lesast utan å ha lese Hver dag først, men eg råder deg likevel sterkt om å lese første boka først. Fordi:

1. Det er mogleg dette er den beste boka du har lese på lang, lang tid. Kanskje nokon gong, og du derfor vil lese første boka likevel. Da er det like godt å vere føre var og lese dei i kronologisk rekkefølgje, ikkje sant?

2. Det er fleire scener i boka vi ikkje kjem heilt inn på, fordi vi var der saman med A først og difor ikkje treng ytterlegare introduksjon. Vi som har lese begge bøkene, veit likevel kva det er snakk om. Ergo bør du lese første boka først.

3. Spoiler-alarm: Andre boka sluttar med ein liten cliffhanger (jey!)

Blei du ikkje overtydd no, kan det skuldast følgjande:

1. Omtalen min kjem til kort (det visste eg frå før. Det er fysisk og psykisk umogleg å yte desse bøkene rettferd).

2. Du er avhengig av sosiale media og kan ikkje hugse sist du las ei bok. Logg av snarast, eller les ho som e-bok. Jada, det går an, det.

2.  Det er truleg noko som er gale med deg. Sårry, men halvparten av verdas ungdommar - og eldre (eit aldri så lite overslag her) kan ikkje ta feil. Ja, no er eg frekk. Men eg vil deg berre vel, altså.

Leseeksemplar fått av Gyldendal (Ok, eg trygla meg til det).

God lesnad.

2 kommentarer:

Anettesbokboble sa...

Jeg elsket også "Hver dag", så denne boken skal jeg absolutt lese. Tusen takk for flott bokomtale :)

annkolaas sa...

Takk! Ja, jeg kan ikke tenke meg at noen ikke liker disse bøkene. Gled deg!