RSS

Parissyndromet

Heidi Furre: Parissyndromet, 211 sider

Visste du at parissyndromet er ein diagnose ein stiller japanske turistar som får alle draumar og illusjonar knust første gongen dei besøker Paris? Den japanske ambassaden i Paris har ei eigen 24-timars hotline for folk som får sjokk når draum møter verkelegheit. Hadde eg vore japansk kunne eg kanskje vere kvalifisert til sjølv å ringe denne linja etter å ha vore i Paris i april. Eg var der berre i fire dagar, og skal ikkje påstå at det var så gale, men eg kjende meg slett ikkje velkomen og har ikkje eit behov for å reise attende med det første. Men fint var der. Jau da. Og så hadde eg heldigvis eit tipp topp reisefølge.

- Ein burde passe seg for alt som gir seg ut for å vere fantastisk, seier Anna. - Du burde ikkje snakke. Du står jo her i Paris, verdas mest fantastiske by. - Draumar er draumar, seier Anna. 

Hovudpersonen i denne boka er ei 23 år gammal jente. Ho flyttar til Paris etter at kjærasten gjer det slutt. Ho vil reise "til helvete langt unna han". Etter å ha satt fingeren på globusen og treft Paris, bestemmer ho seg for å "ta det året utanlands som alle drøymer om". Her skal ho bu i eitt år utan ein meir konkret plan enn å lære seg fransk. Ho får bu saman med ei anna norsk jente ho treffer på sjømannskyrkja, Anna, og saman får dei eit trygt og godt vennskap. Anna går teaterskule og hovudpersonen får deltidsjobb som au-pair for ei åtte år gammal amerikansk jente. Ho går mykje aleine rundt i Paris, tenkjer og drar til seg inntrykk av byen. Ho blir kjend med nokre franskmenn, eit par japanske og får seg ein fast liten gjeng. Slik får ho oppleve Paris både med eigne og andre sine briller.

Eg prøver å avleie meg sjølv når eg eigentleg saknar nokon som er 1694 kilometer unna. Alt blir lenger og lenger unna, lenger enn ein flybillett til 500 kroner. Lenger enn ein telefonsamtale. Eit døgn i bil, om eg hadde hatt ein.

Parissyndromet handlar ikkje berre om det ein forlet, men og om det ein kjem til. Boka er full av nostalgi, lengsel og minner. Det ho saknar frå barndommen med bestemora, minner ho og han skapte saman og nye opplevingar ho kan ta med heim frå Paris når året er omme. Språket er godt, forfattaren skildrar så ein føler atmosfæren i byen og blir verande i stemningane. Det er ein del skrivefeil, men dei ujålete setningane og den fine nynorsken veg opp. Hadde det ikkje vore for at min tidlegare kollega, Birte, tipsa meg om denne no i romjula, så hadde eg sikkert ikkje lese ho. No gremmast eg over at eg ikkje las boka før slik at eg kunne nominere ho til Bokbloggerprisen 2013 - noko ho absolutt hadde fortent. Debutbok og alt. Det er ikkje ofte ein kjem over bøker som gir deg ei sånn fin kjensle. Ei blanding av indre uro, sakn og samstundes ei slags tilfredsstillande glede.

Eg seier som Birte: "Fine, fine boka". Anbefalast sterkt.

6 kommentarer:

Elin sa...

Høres ut som en bok verdt å få med seg :)

annkolaas sa...

Ja! Det er det absolutt!

aariho sa...

Jeg skrev omtale om denne i forrige uke. Er glad for å se at flere har lest den, for den var en bra bok. Paris er jo for de fleste "byen", og da var det greit å lese om Psrissyndromet, og hva det står for.

annkolaas sa...

aariho: Nå måtte jeg innom bloggen din og lese det før jeg skreiv at jeg ikke hadde fått med meg at du hadde lest den. Det hadde vært typisk meg å skrive det, for så å oppdage at jeg ikke bare hadde lest omtalen din, men også kommentert. Jeg glemmer alt. Alltid. Men puh, jeg hadde ikke kommentert, altså husker jeg riktig.

Anita Ness sa...

Fin omtale av ei bok jeg har veldig lyst å lese.:) Digger slike bøker om reiser og steder..

annkolaas sa...

Bra! Det beste hadde nok vært å lese den rett før, eller etter reisen. Men jeg kjente likevel igjen flere steder i byen. En nydelig bok uansett!