RSS

Plutselig høre noen åpne en dør


Trude Marstein: Plutselig høre noen åpne en dør, 256 sider

Sara er fire år og pendlar mellom far og mor. Far, ein vanleg og omsorgsfull person. Ein god heim å vakse opp i. Mor les og skriv og har ikkje tid til anna. Sara er mest hos mor. Mor har lita tid til Sara. God tid til å skrive. Og analysere. Mor er nemleg student og skal levere hovedfagsoppgåva si om eit par månadar. Ho skriv døgnet rundt. Morsrolla er kraftig nedprioritert.

Sjeldan har eg vore så glad for å vere ferdig med ei bok. Det er ei god bok. Ei grusom bok. Eg har hatt ein klump i halsen, ein stein i magen frå eg bladde om første sida. Det er forferdeleg å sjå korleis mora behandlar dottera si. Ho analyserer alt ned til minste detalj, og skyr klisjear som pesten. Ho er redd for å oppføre seg tilgjort overfor Sara, redd for å gi Sara for mykje kos og trøyst, redd for å gjere Sara avhengig og kunstig. Ho veit nøyaktig kva som er pedagogisk best for bornet, likevel gjer ho det motsette. Ho er klar over kva ho gjer mot dottera si, ser at Sara tar skade av det - men er overtydd om at Sara vil ta meir skade av ei mor som innrømmer feil.

Jeg ser ut av vinduet. Asfalten er våt, det må ha regnet. I det samme snur Sara seg og ser ut hun og. Det irriterer meg. Hva ser du på, sier jeg. Ingenting, sier Sara. Det er ikke noe svar, sier jeg, ingenting er ikke noe svar! Jeg ser ikke på noe! sier hun. Jeg går bort til henne, stirrer henne i øynene, sier, fy faen, du er dum Sara, dum! Hun ser på meg, leppene hennes er såre og ømme.

Sara skal bli behandla som ein likeverdig, ein vaksen. Ho veit at Sara ikkje er i stand til å skjøne rasjonell tenking, å vite kvifor ho nektar å gå på do sjølv om ho må. Mor veit det, men blir like fullt provosert og rasande. Når ikkje sinnet står i vegen for mor, er det det prinsipielle som stoppar. Ho kan til dømes ikkje servere te til venninna når ho er på besøk, fordi biletet av "to venninner som utveksler betroelser over store kopper te på hver sin side av et kjøkkenbord" ikkje er til å halde ut. Kaffi går derimot greitt. Refleksjonane ho gjer seg, tankespelet av motiv og konsekvensar sit som ei rettssnor og fungerer som ei sperre for alt ho kan tillate seg.

Når ho er saman med Sara, tenkjer ho kun på oppgåva si. Når ho skriv oppgåva, lengtar ho etter Sara. Ho saknar kjærasten, men greier ikkje å skilje mellom sitt sakn og det faktum at det er forventa at ho skal sakne kjærasten sin. I så fall skal ho ikkje sakne han. Ho er redd for å vere påtatt naturleg, redd for å framstå som svak og avhengig. Ho er ei sterk kvinne, har store forventingar til seg sjølv, men krevjer desto meir av andre. Mor hennar, venninna, eksen, kjærasten. Dottera. Ingen er gode nok. Ho er ein stor egoist.

Jeg er så naturlig når jeg mislykkes i rollen som mor! Når jeg forsømmer mitt eget barn anklager jeg aldri meg selv for å spille, selv om en forsømmende mor i høy grad er en velkjent rolle. Jeg unngår også å overvåke meg selv da, først lenge etterpå, når det er for seint og ikke har noen som helst hensikt, gjør jeg det, i etterkant av overgrepet.

Marstein skriv godt og har eit direkte språk. Det er vond og ubehageleg lesing, men ei god bok. Ho viser eit samansatt bilete og opnar for refleksjonar på fleire område, om ein greier å sjå forbi den skremmande omsorgssvikta.

Anbefalast.

Det store huset


Nicole Krauss: Det store huset, 303 sider

Årets første lesesirkelsamling ble innledet med Krauss` nyeste roman, Det store huset.

Boken introduserer oss for forfatteren Nadia. Hun er bosatt i New York og har tatt vare på en skrivepult hun fikk av en ung chilensk poet for 25 år siden. Denne unge mannen forsvant under Pinochets regime og siden har Nadia hatt denne skrivepulten stående. En dag blir Nadia kontaktet av en kvinne som hevder å være poetens datter. Kvinnen ber om å få pulten tilbake, og Nadias verden blir helt ute av kontroll. Hun har skrevet romanene sine ved denne pulten i 25 år, og greier ikke å skrive noe annet sted.

Tvers over havet møter vi Arthur, som steller sin syke kone, Lotte. Han oppdager at Lotte har båret på en dyp hemmelighet gjennom hele ekteskapet.

I Jerusalem finner vi en antikvitetshandler som er i ferd med å rekonstruere sin fars arbeidsværelse, som ble plyndret av nazistene i Budapest i 1944. Skrivepulten knytter alle disse historiene sammen, og det gamle møblementet blir et symbol på alt de hadde og alt de ikke lenger har.

Det er vel bare å innrømme det, først som sist. Jeg slet litt med å forstå sammenhengen i fortellingene. Boken består av to deler, bygget opp av åtte kapitler, med fire forskjellige historier. Første delen tar for seg de fire forskjellige historiene, som fortsetter i del to. Alle disse er på en eller annen måte involvert i dette skrivebordet fra fordums tid.

Nicole Krauss er kjent for å skrive romaner av litt intrikat sort, som jo har gjort oss lesesirkeldamer til blodfans. Språket hennes er nydelig, og hun gir mye rom for tolkning. Vi har hatt en tendens til å velge litt "enkle" bøker, som følgelig ikke åpner for noe dypere samtale. Selv om noen spørsmål fremdeles er ubesvarte, diskuterte vi heftig og kom frem til flere mulige løsninger. Dette gav absolutt mersmak, og vi ble enige om å velge flere "tyngre" bøker. Neste måned skal vi ta for oss klassikeren Store forventninger, til ære for Charles Dickens 200- årsjubileum.

Innviklet eller ei, jeg likte boka veldig godt og stiller meg fremdeles, om ikke først, men langt frem i kø neste gang Nicole Krauss gir ut bok.

Anbefales.

Blomstenes hemmelige språk


Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk, 337 sider

Victoria har hatt ein vanskeleg barndom, og vore ut og inn av forskjellige fosterfamiliar sidan ho var baby. Ni år gammal blir ho plassert hos Elizabeth, ei einsam kvinne med ein forkjærleik for blomster. Ho er tolmodig med Vicoria og lærer henne alt ho kan om blomstrane sitt hemmelege språk. Elizabeth ønsker å adoptere Victoria, men så skjer det noko som endrar alt og Victoria er igjen attende hos barnevernet.

Elleve år seinare er Victoria myndig, og ikkje lenger under det offentlege sitt ansvar. Ho er sterkt prega og har ikkje lett for å sleppe menneske innpå seg. Fortida hennar har gjort ho kynisk og det ho seier, seier ho med blomster. Ein dag treffer ho blomsterhandlaren Renata. Ho oppdagar at Victoria har eit eige lag med blomster, og snart blomstrar både kundane og Victoria. Når Renata tar henne med til blomstermarknaden, møter ho ein mann frå tida hos Elizabeth. Vil han få ho til å opne seg, eller vil redselen for å bli svikta igjen få ho til å flykte?

Dette var ei skikkeleg fornøyeleg bok! Kapitla fortel om Victoria si fortid og notid parallelt, noko som gjer det veldig spennande. Det var ikkje lett å leggje frå seg boka, og ikkje vanskeleg å komme inn i handlinga etter ei lesepause. Eg var fordjupa etter eit par sekund, kvar gong. Temaa som blir tatt opp er alvorlege, aktuelle og kjenslevare. Det er vondt å lese om Victoria sin destruktive oppførsel mot dei ho er glad i, men likefullt herleg når ho greier å ta imot kjærleik. Både med og utan blomster.

Boka er ikkje i bokhandlarane før i slutten av januar, men det er berre å glede seg. Blomstenes hemmelige språk kjem utan tvil til å bli ein av bestseljarane i 2012. Det er ei feel-good historie med ei nydeleg ramme rundt. Er du i tvil om dette er ei bok for deg, sjekk ut Ellikken sin fantastiske bokomtale.

Takk til Aschehoug for leseeksemplar.

Anbefalast.

Snøbarnet


Eowyn Ivey: Snøbarnet, 375 sider

Siste boka i 2011 følgde meg inn i 2012. Eg har lest Snøbarnet.

Alaska 1920. Det eldre ekteparet Jack og Mabel mister bornet sitt, og opplever ei sorg så stor at dei flyttar frå Amerika til Alaska i håp om å starte på nytt. Der ventar hardt arbeid og lange vintrar, noko som ikkje gjer saknet enklare å døyve. Ein kveld får dei eit spontant innfall og lagar ei jente av snø på marka. Dagen etter er snøjenta borte, og samtidig begynner dei å skimte ei lita jente i skogkanten, med votter og sjal lik snøjenta dei laga. Har snøjenta blitt levande, eller er ho ein hallusinasjon, skapt av lengt og depresjon i vintermørket? Når våren kjem, blir jenta borte, men ho kjem attende kvar vinter. Akkurat som snøjenta i det kjende, russiske eventyret.

Dette er ei nydeleg bok om sakn og lengtnad, og grensene mellom røyndom og fantasi blir liksom viska ut. Det russiske eventyret om snøjenta som blei verkeleg, lager ei magisk ramme rundt denne elles så realistiske forteljinga. Det er hardt å pløyge jord i Alaska på 1920-talet, å skape seg ein heim i ei lita hytte i skogen, milevis frå naboar og allfarveg. Når den lille jenta dukkar opp, får dagane ny meining, og Jack og Mabel greier endeleg å setje ord på sorga dei berer med seg.

Stemninga i boka gjekk under huda på meg. Det begynte dystert og tungt i Alaska, og eg skjønte verkeleg ikkje kva desse menneska hadde å gjere i kalde, einsame nord. Etterkvart som dei stifta vennskap, åkrane gav vekst og dei fekk nærme seg den mystiske snøjenta, skifta eg om og fekk også lyst til å rømme til skogs og jakte min eigen mat. Og eg hatar både kulde og mørke.

Fleire, og meir utfyllande, omtaler av Snøbarnet kan du lese her, her og her.

Forfattaren skriv fint om å nærme seg, både det vanskelege og det enkle. Anbefalast.

2012

Trykk på tittel for å få frem bokomtalen.

1. Eowyn Ivey: Snøbarnet

2. Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk

3. Nicole Krauss: Det store huset

4. Trude Marstein: Plutselig høre noen åpne en dør

5. Brit Bildøen: Mitt milde vesen

6. Maggie O`Farrell: Hånden som først holdt min

7. Linde Hagerup: Var det det det var

8. Erin Morgenstern: Nattens sirkus

9. Belinda Bauer: Mørke dager

10. John Steinbeck: Om mus og menn

11. Daphne Du Maurier: Rebecca

12. Aina Basso: Inn i elden

13. Vigdis Hjorth: Snakk til meg

14. Margaux Fragoso: Tiger, tiger

15. Susan Henderson: Det blå rommet

16. Meg Mullins: Teppehandleren

17. Amalie Skram: Constance Ring

18. Henrik Langeland: Wonderboy

19. Ingeborg Arvola: 40 postkort

20. Emma Donoghue: ROM

21. Natasha Solomons: Fortellingen i fiolinen

22. Dag Solstad: Genanse og verdighet

23. Dag Solstad: Professor Andersens natt

24. Siv Wyller: Hockeysveis fører til dårlige rim

25. Caitlin Moran: Kunsten å være kvinne

26. Are Kalvø: Men fjernkontrollen min får du aldri

27. Caroline Kaspara Palonen: Xeroxdager

28. Lois Leveen: Frihetens vinder

29. Knut Hamsun: Sult

30. Helene Uri: Dyp rød 315

31. Kathleen Grissom: Tilbake til Tall Oaks

32. Johan Teorin: Sankta Psyko

33. Karen Blixen: Babettes gjestebud

34. Minette Walters: Krutt

35. Minette Walters: Kjerringbissel

36. Minette Walters: Det mørke rommet

37. Vigdis Hjorth: Om bare

38. Tove Ditlevsen: De gjorde et barn fortred

39. Hanne Ørstavik: Uke 43

40. Lucinda Riley: Orkideens hemmelighet

41. Beth Hoffman: CeeCee Honeycutts reddende engler

42. Trude Marstein: Ingenting å angre på

43. Lucinda Riley: Jenta på klippen

44. Helene Uri: Den rettferdige

45. Cathrine Evelid: Mamma er en countrysang

46. Lori Lansens: Livet tilbake

47. E L James: Fifty Shades of Grey

48. E L James: Fifty Shades Darker

49. E L James: Fifty Shades Freed

50. Heidi Linde: Agnes i senga

51. Ingelin Røssland: Kirsebærsnø

52. Marit Eikemo: Samtale ventar

53. David Nicholls: Første spørsmål

54. Ingunn Aamodt: Beistet

55. Marianne Kaurin: Nærmere høst

56. Jon Fosse: Olavs draumar

57. Ragnar Hovland: Stille natt

58. Linn Ullmann: Et velsignet barn

59. Karin Bjørset Persen: Julebrevpikene

60. Tatiana de Rosnay: Mokka

61. Charlotte Glaser Munch: Alt jeg vil er å kysse deg

62. David Levithan: Hver dag

63. Arne Svingen og Helene Uri: Din vakre jævel

64. Inger Bråtveit: Kven er snillast av far og mor?

65. Linnea Myhre: Evig søndag

66. Kristine Getz: Hvis jeg forsvinner, ser du meg da?

67. Marianne Storberget: Brevet fra Betsy

68. Rabih Alameddine: En overflødig kvinne

69. Eldrid Johansen: Charliblogg

70. Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna

71. Linde Hagerup: Ingen som røyker hoppe strikk

72. Aimee Bender: Smaken av følelser

73. Ronnie M.A.G. Larsen: Sommar i Thereses gate

74. Olaug Nilssen: Kjøkenbenkrealisme

75. Bjørn F. Rørvik og Thore Hansen: Den lille penselen

76. Dag Solstad: "Ellevte roman, bok atten"

77. Janne Teller: Ingenting

78. Jonas Gardell: Jenny

79. Ellen og Heidi Linde: Resten av livet

80. Heidi Linde: Under bordet

81. Charlotte Riise: Eg treng tid til å sakna deg

Godt nytt år!


Bilete fann eg her.


Vips, så var vi inne i 2012! Eg har bestemt meg for ikkje å ha nokon leserelaterte nyttårsforsett i år. Eg kjenner at eg er småirritert over ikkje å ha greidd 100 bøker. 2011 har vore eit rikt leseår, men det blei med 88 og ei halv (no tek eg ikkje med barnelitteraturen - i så fall er det langt over 100), så eit lite miniforsett om å greie 100 i 2012 må eg prøve. Elles skal eg lese fleire klassikarar, og meir av den kjekke, gotiske litteraturen.

Eg ønsker dykk eit godt leseår.